Eit kjapt søk på nettet gjev eitt einaste treff på «Alrekstadeiken», dette vyrde treet som «etter folkets vilje» vart freda i 19881. Kvar dag går eg forbi denne svære eika, og nær sagt like ofte undrar eg på kvifor nett dette treet vart freda.
Kven tok initiativ til fredinga, eller snarare: Kven er «folket»? I kva for ein kontekst gjekk denne fredinga føre seg?
Kva inspirerte «folket»? Var det ein gryande økologisme? Var det ein protest mot eit overtramp, mot utbyggingskåte politikarar? Det ligg ein så sterk motstand (eller nesten ein kaizersk resistanse), i omgrepet «folkets vilje». Nokon har stått på krava, bygd opp barrierer og stilt seg oppå desse barrierane for å kjempe for denne einsame eika ved ein parkeringsplass nedst i Årstadgeilen i Bergen. Kva i all verda får folk til å ta slik på veg for eitt einskild tre?
1988: «Folket» før og no
Vi skriv 2011 i år, og tel difor 23 år sidan fredinga av den vyrde Alrekstadeika. Dette var året før Europa skulle endevendast og europeisk venstreside skulle gå inn i ei enorm krise som dei framleis ikkje er komne ut av. Likeins med omgrepsbruken: Det var nokre ord som kunne brukast i mine ikkje-medvitne år på åttitalet, som allereie på nittitalet – i dét mitt politiske medvit så vidt grydde – var passé. Sosialisme har gjerne aldri vore eit heidersord i heile det norske folket, men frå 90-talet var det berre galningar og idiotar som framleis trudde på revolusjon og proletariat: I mi levetid har omgrepet «folket» framstått som ein leivning frå arbeidaroppstandane før krigen, og å ta til seg eit slikt ord framstår som anten i overkant ambisiøst eller tilsvarande overdrive. Det passar seg i alle fall ikkje for eit svært konsept som «folket» å bry seg med ei eik! «Folket» går i tog for eit effektivt trygdesystem, garantert pensjon og like rettar. «Folket» bryr seg ikkje med ei eik. Det finst mange eiker i Årstad bydel, og dessutan mange eiker i Alrekstad-området. Det rimar berre ikkje for meg.
For 23 år sidan gjekk altså likevel folket til aksjon for å frede ei eik. Miljøvernministeren dette året var Sissel Rønbeck frå Arbeidarpartiet. Ho hadde sete frå 1986, og skulle komme til å gå av saman med heile resten av Brundtland II-regjeringa månaden før Berlinmuren tok av, i oktober 1989 – året etter den storslegne fredinga. Hadde ho noko med dette å gjere, eller hadde kanskje til og med landsmodera, sjølvast Gro, som gjorde sitt store inntog i den jamne nordmann sitt medvit ved å vise at miljøvernministrar kunne gjere merke av seg – meir enn ti år før folkekravet om fredinga av ei einskild og særeigen eik på Alrekstad i Bergen vart banka gjennom.
Både Rønbeck og Brundtland var arbeidarpartipolitkarar som kunne snakke om «folket», og dei stod i fronten for eit parti som rekna seg sjølv som sosialistisk. I mi medvitne tid har dette konseptet vore litt latterleg, sjølv om det framleis er ein god del att av dei som kallar seg sjølve sosialistar. Utopisk politikk er ikkje noko særleg å hige etter – i alle fall ikkje dersom vi går ut frå at den velfungerande marknaden er ein realitet. Og dette «folket» er no uansett ikkje særleg einsarta, så det framstår mest som latterleg å avgrense individa sin handlefridom for å verne om folket sine interesser. Så dette «folket» på Alrekstad framstår for meg som ei lita gruppe individ som har sett seg ein sprø idé i hovudet, og har kjempa for denne med nebb og klør, i håp om å attopprette eit idealsamfunn der ungane kan springe fritt og klatre i trea, der alle er arbeidarar, har likeins interesser og kjempar same kampen med det same målet. Og i dette vesle slaget kunne «folket» avd. Alrekstad krysse av for siger mot systemet (eller kanskje var det byråkratiet, eller heile den fordømte kapitalismen).
Alrekstadeika og meg
Eg var fire år gammal når Alrekstadeika vart freda, og budde i ein skogfylt kommune langt vekke frå Bergen. Den gongen var ho kanskje av ein slik storleik at eldre ungar enn eg var den gongen kunne klatre høgt opp og få utsyn over Storelungeren, industrien inst inne og Bergenhus ytst ute. Eg har berre vage idear om korleis dette området må ha sett ut for berre tjue år sidan, for noko fortel meg at det det har endra seg ganske kraftig i mi levetid – utan at eg har fått oppleve dèt. Det er difor vanskeleg for meg å setje meg inn i kva som måtte ha vore konteksten for denne fredinga, men ei viss kjensle av kollektivitet har eg alltid fått over meg når eg vandrar ikring i dette området. Her finst det gamle borgarhus langsmed det eg blir fortalt er det eldste gateløpet i Bergen, Årstadgeilen. Denne gata går for øvrig opp til gamle Alrekstad gard, ein kongsgard oppkalla etter ein viss kong Alrek, og seinare teken i bruk av sjølvaste Harald Hårfagre, jamfør plaketten på veggen. I dag er det ein skule i desse bygga, og nedanfor skråninga bakom garden og borgarhusa i Årstadgeilen ligg det bustadblokker som eg fantaserer meg til at har vore arbeidarbustader.
Her – i skråninga – har dei oppretta eit sokalla parsellag, med små hageflekkar som folk kan dyrke grønsaker på – eit fenomen eg såg for første gongen då eg reiste med Kvite bussar til det eg den gongen trudde var Aust-europa for å bli fortalt kor gale alt var under nazismen. Det vart teke tid til å fortelje kor gale alt hadde vore i Aust-europa òg, sidan vi først var der, og kor rare desse aust-europeiske samfunna hadde vore, der folk var nøydde til å dyrke sine eigne grønsaker på små hageflekkar utanfor byane for å kunne overleve. I ettertid har eg funne ut at eg slettes ikkje var i Aust-europa, men i Sentral-europa, og ikkje berre det: Eg har flytta til ein by i Noreg der folk er akkurat like galne som dei var i desse førestilte samfunna der tilgangen på måling var så dårleg at med ein gong muren fall og måling kom i butikkane, fekk husa skrikande fargar som ingen normale vestlege personar kunne tenkje seg å ha på sine eigne hus. Og her i Årstad bydel er – rett nok – husa ganske så nøytralt fargelagde. Det er ikkje regnbogefargar på veranda-rekkverka i blokkene nedanfor gamle Alrekstađir kongsgard.
Alrekstadeika i dag
Slik går tankerekkene når eg vandrar forbi den vyrde gamle eika nedst i Årstadgeilen, og eika står der i ei lita skråning ved ein parkeringsplass og ei jarnbanelinje. Graset rundt eika er trakka ned av folk som tek snarvegen heller enn å gå rundt, og buskaset veks seg inn i gjerdet på andre sida av gangstien. Pleksiglas-gjerdet over jarnbana er støtt knust av folk som tykkjer knusing er kjekt, og det heile er rett og slett ikkje utprega pent, sjølv om potensialet er veldig openbart. Det kunne vore ordna og systematisk rundt denne elska eika, men det einaste som indikerer den elsken folk må ha hatt for henne er ein plakett som er spikra inn i stammen:
ALREKSTADEIKEN
“fredet”
etter folkets vilje 1988
Så kven er dette folket? Kva var føremålet med fredinga? Kor gamle er dei no, og kva for ein større kontekst sette folket striden sin inn i den gongen? I kva for ein kontekst set dei striden sin i dag? Vann dei, eller var dette berre eit lite slag i ein av dei mange krigane som plutseleg vart tapte med eit lite byråkratisk feilgrep i det elles så velorganiserte Austtyske terrorregimet i november 1989?
Lik dette:
Bli den første til å like denne artikkelen.